Thursday, May 21, 2009

Hausten er her
































































Ei veke med mykje regn og vind - syns det er deilig å tenne 
lys og krype innunder tepper.
Ein del tre har fått fine haustfargar, mens andre slår til for fullt med
blomstring, som Kamelia.
I sjøen er det fremdeles god temperatur, mellom 20 og 22 grader.

Retten me laga forrige helg smakte fortreffelig, kan verkeleg anbefalast.


(brukte ikkje tomat pure, mjøl og smør delen vart og kutta ut)

Me brukte det som vert kalla 'chuck' trur det tilsvarar nakke!
(ordbok kor er du?)
Kan nok bruke nokså 'tøft' kjøt i denne retten, ettersom det skal både
marineres og surres, samt har lang koketid.

Ein litt mektig rett som passar til ein litt kjølig dag kanskje?
No er det natta, og kanskje må eg finne fram pyjamasen, husene her
eller rettare sagt dette huset er jammen kaldt - og ekstremt varmt 
om sommaren hihi.

Ha ei fortsatt god veke!



Friday, May 15, 2009

Aubergine







































Eggplante eller aubergine er ein vakker grønnsak/plante syns eg!
Falt og for dei fargerike bønnene!
Fant bittesmå snaps glas på Salvos, (omtrent som Fretex), og eit bittelite 
stettefat - kanskje plass til tre muffins?
Den store middagen denne helga blir Beef Bourguignon, og det er mannen i 
huset som står for den - eg kan sovidt stave det - he he!
Ønsker alle ei kjempefin helg


Monday, May 11, 2009

Jordskokk fest
























































































Igår vart det innhausting av jordskokk og planting av kvite revebjeller,
det er lett å dyrke jordskokk og den står seg godt som snittblomst.
I forrige veke planta eg ananas det seier nok litt om kor eg er hi hi.
Allikevel, i eit skap har eg alt utstyret som skal til for lengre turar i skog og
mark, sist det var i bruk fekk eg sjølvaste fru kenguru inn i teltet.
Men kvar gong eg tek i kompasset, tenkjer eg på kvar eg kan finne nord,
mot nord, ikkje vest, ikkje aust, ikkje sør!
Det skal bli deeilig å sette kursen mot  nord igjen : )))))