I helga fekk eg feber og hoste, er såvidt på beina igjen -
og glad for det!
Fekk planta både løvemunn, stemor og fioler - kniper av blomstene
på de små stemor og fiol plantene - sånn at planten kjem raskare i vekst.
Av ei snill dame fekk eg ein pose med lime som ho hadde plukka i hagen sin,
kanskje blir det lime pai til neste helg?
Akkurat no bakar eg vaniljeknuter, står til heving!
Oppskrifta fant eg her
takkar og bukkar for den, kjempegode!
Skapet som står i bakgrunnen har eg fått av ein kamerat, han var på vei til
søppelplassen med det - so tenkte han at han kunne stoppe hos meg -
igjen var eg skikkelig heldig!
(ja, eg tenker på å male det - men kan ikkje bestemme meg -
i jula hadde eg eit maleprosjekt som gjekk rett vest - men satsar
nok friskt på nytt hihi)
ha ei fortsatt god veke!

